Hopp til hovedinnholdet
miljobilde-28-1040x350

Slik sikrar du eit trygt og saumlaust bustadskifte på 1-2-3.

Skal du kjøpe og selje bustad?

Sal og kjøp av bustad er noko dei fleste gjer få gonger i livet. Mange er usikre på korleis prosessen går føre seg, når dei skal kontakte banken og kva dei bør gjere for å få bustaden klar før visning.

I Knarvik er bank og eigedomsmeklarar samlokalisert, til fordel for kundane. Alt dei lurar på innan sal og kjøp av eigedom, får dei svar på her.

– Mange kjenner ikkje rekkefølga i bustadskifte-prosessen og er utrygge. Kontaktar du eigedomsmeklar og banken tidleg, vil vi leggje ein plan for kva du bør gjere og når. På same tid lagar vi ei verdivurdering på bustaden, som du kan ta med deg til banken for å få ordna finansiering til kjøp av din neste bustad, seier Torgeir Glomnes, eigedomsmeklar i Eiendomsmegler Vest Nordhordland.

Han fortel at overraskande mange interessentar kjem på visning utan å ha finansieringa i orden:

– Men når dette skjer kan vi raskt og enkelt setje dei i kontakt med ein rådgjevar i Sparebanken Vest. Rådgjevarane vil deretter kontakte kunden for å få på plass naudsynt finansiering i god tid før bodgjevinga startar.

Bank og meklar – alt på ein stad

Eiendomsmegler Vest har god dialog med Sparebanken Vest i Knarvik.

– Som eigedomsmeklar er det verdifullt å tilby kundane fleire tenester på ein stad. Det er ein stor fordel å kunne visa kundane til ein rådgjevar i banken når dei vil kjøpa eigedom og treng finansiering, seier Torgeir. 

– For oss er det viktig å gi kundane raskt svar og hjelpe til når dei har funne draumeheimen sin. Når du skal kjøpe ny bustad, er det viktig å finne ei god og langsiktig løysing, og samtidig ha kontroll over den kortsiktige finansieringa, fortel Elisabeth, Elisabeth B. Færøy, autorisert finansiell rådgjevar i Sparebanken Vest Knarvik.

Ho trur det betyr mykje for kundane at banken visar til lokalkjente meklarar som kjenner marknaden og kan estimere verdi.

– Når det verkeleg haster å få på plass finansieringsbevis eller kundane treng mellomfinansiering, er eigedomsmeklarane raske med å verdivurdera eigedommen deira. Dette gjer at vi i banken kan rekna ut kor mykje eigenkapital kundane har i bustaden som skal seljast, og dette er ofte ein viktig del av den endelege ramma på finansieringsbeviset, forklarar Elisabeth.

Nyleg selde Torgeir ein bustad der ein av interessentane ikkje hadde finansieringsbevis under visninga. Då sette han personen i kontakt med en rådgjevar i Sparebanken Vest.


– 30 minuttar seinare ringte interessenten meg og fortalte at finansieringa var ordna, og at han kunne by på eigedommen. Vi opplev at rådgjevarane i banken er raske med å hjelpe. Dette er verdifullt både for seljar og for dei som vil by, seier Torgeir.

Torgeir Glomnes-200x200

Våre lokale meglere

Skal du selge bolig?

Torgeir hjelper deg gjerne med både kjøp og salg av bolig! Ta kontakt for en hyggelig prat.

Få finansieringsbevis før du går på bustadjakt

Skal du selje bustad og er på jakt etter noko nytt? Dette er rådgjevaren i banken sitt beste tips:

– Ha finansieringsbevis på plass i god tid før noko interessant dukkar opp. Start dialogen med banken før du leiter etter bustad. Dersom du trenger mellomfinansiering, hjelper det alltid å ha ein god plan med både bank og meklar tidleg i prosessen, seier Elisabeth.

Dei vanlegaste spørsmåla hun får, handlar om mellomfinansiering og kor mykje eigenkapital dei kan ta med seg. 
– Dersom du ikkje har selt i forkant, må vi ta ein buffer av verdien for å senke risikoen for kunden. Det gjer vi fordi kunden skal tole at dei må ned i pris utan at det får for store føljer, forklarar ho:

– Kundane set pris på at bustadskifte hos oss er enkelt å forhalda seg til. Saman hjelper vi kundane, slik at dei unngår økonomiske overraskingar undervegs.

Hvorfor velge oss

Vi gir deg litt mer

stjerne

5-stjerners oppfølging

Vi gir deg 5-stjerners oppfølging gjennom hele reisen, både ved kjøp og salg av bolig. 

Les hvordan
ikon megler

Lokalkjente meglere

Her finner du engasjerte og dyktige meglere som kjenner bolig- og fritidsmarkedet der du bor.

Finn megler
mobil med hus

Fremtidens boligannonsering

En presis og effektiv måte for digital markedsføring av din bolig. 

Les om Zoom

vi hjelper deg

Kontakt oss

telefon

915 05560

Åpent mandag til fredag 08.30–16.00

Ring
søk og hus

Våre kontor

Vi har 27 kontor på Vestlandet, finn ditt lokale kontor.

Finn kontor
Snakke-bobler

Skriv til oss

Har du spørsmål så hjelper vi deg gjerne!

Send e-post